Handbremsene fungerer på framhjulene.
Stramming/justering skjer på caliperane.
|
|
Det er sagt mykje gale um handbremsene (ja, der er faktisk tvo;) på CX'en, og alt feil.
So lenge du syter for korrekt vedlikehald, finn du ikkje meir effektive handbremser på nokon bil.
Sjå t.d. kva Autocar skreiv i 1978: The remarkably effective handbrake operates on the front wheels.
It managed an almost unbeatable 0.42g deceleration and easily held the CX Pallas C-Matic on a 1 in 3 slope,
from which a restart could be made with contemptuous ease.
Og hugs at handbremsene ogso skal fungera som naudbremser.
Handbremsene må strammast og smyrjast ofte.
Minimum kvar vår og haust, elles endar du upp med tvo ubevegelege rusthaugar.
Det er ogso viktigt å bruka deim av og til.
|
|
|
1
Handbrake lever
2
Control lever
3
Spacer
4
Adjustmnt screw
5
Contact switch
6
Capscrew
7
Capscrew
8
Plain washer
9
Hexagonal nut
|
|
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX
|
|
|
Stramming / justering
Er bremseskivene byrja bli tunne, vil det vera vanskeleg å fengja handbremsene stramme nok.
Skifta i sofall til nye bremseskiver. (Bremseskivene skal vera minimum 18 mm tjukke.)
NB! Bremseskiva må låsast fast med tri hjulboltar. Um du brukar boltar til aluminiumsfelgar: tre innpå 13mm tjukke mutterar.
Til justering av 4x11 kann du bruka eit stort flatt skruejarn eller
ei firkantsyl der tuppen er filt vekk. Eller laga deg spesialverktøy av 4,5mm tjukt metall:
|
|
Teikningane er lånt frå servicemanualen til Citroën CX
- Jekk upp fronten på bilen, set honom på bukkar, tak av framhjulene og set gearspaken i fri.
- Handbremsene må vera av.
- Skru av låsemuttaren og justeringsmuttaren på vaieren på båe sidur (tvo stk 11mm fastnyklar + liten
skiftenykkjel
el.l. til å halda fast enden på vaieren).
- Løys 4x17 (17mm).
- Juster 4x11 (med klokka sett bakfrå) og
stramm 4x17, fyrst på utsida, deretter på innsida . (4x11 skal strammast/vridast akkurat
so mykje at du lett klarar å vrida rundt
bremseskiva med hendene med litt motstand. Pass på å ikkje taka innpå bremseskiva, halda mot kantane.)
- Vipp upp loket attmed gasspedalen. Juster vaierane med justeringsmuttarane slik at kraftfordelaren
attmed gasspedalen ikkje blir standande på skeive. Set på låsemuttarane.
- Kontroller at du kann vrida bremseskivene rundt med hendene, og at dei (bremseskivene;) er heilt reine.
På lettmetallfelgar kann det skje at enden på vaieren skrapar burti felgen. I sofall kann
du prøva å korta inn den vetle stillskruen
litt (tvo stk 8mm fastnyklar) og justera på nytt. Gjeng ikkje det heller, kann du draga utor vaieren
og tre på nokre stoppskiver, eller ein muttar el.l.
|
|
|
Problem
Varsellampen for påsett handbremse lyser når han ikkje skal.
|
|
|
Dette skuldast vanlegvis at brytaren (5) ikkje blir klemt langt nok ned. Klypp til og set på ein filtbit
(berekna på å setjast under stolføter).
Denne lampen fungerer ogso som varsel for utslite bremsebelegg på frambremsene.
(Dersom då ikkje leidningane til bremseklossane er kutta av,
noko dei sannsynlegvis er.)
|
|
|
|
|
Um vinteren bør du unngå å hava på handbremsene yver lenger tid, i tilfelle dei skulde frysa fast.
Parker flatt (på tvert i bakke), og hav bilen i revers eller i fyrste gear.
Slepp deretter bremsepedalen, og vent til bilen hev roa seg (vil kanskje trilla litt framyver eller bakyver)
fyrr du sler av motoren og slepper upp clutchen.
Dersom du ikkje kann parkera på tvert i ein bakke, må du vrida framhjulene inn mot kanten:
Legg rattet heilt yver, og hald det der medan du sler av motoren og tek ut nykkelen.
Lat so rattet glida forsiktigt attende til rattlåsen sler inn.
Når du set på tenningen att, er det viktigt å vrida/lirka litt på rattet slik at du ikkje bryt av nykkelen.
|
|
|
Lat bilen standa i fyrste gear i nedyverbakke, og i revers i uppyverbakke.
|
|
© www.leirdal.info
|