Handbremsene fungerer på framhjulene.
Stramming/justering skjer på caliperane.
|
|
Det er sagt mykje gale um handbremsene (ja, der er faktisk tvo;) på CX'en, og alt feil.
So lenge du syter for korrekt vedlikehald, finn du ikkje meir effektive handbremser på nokon bil.
Sjå t.d. kva Autocar skreiv i 1978: The remarkably effective handbrake operates on the front wheels.
It managed an almost unbeatable 0.42g deceleration and easily held the CX Pallas C-Matic on a 1 in 3 slope,
from which a restart could be made with contemptuous ease.
Og hugs at handbremsene ogso skal fungera som naudbremser.
Handbremsene må strammast og smyrjast ofte.
Minimum kvar vår og haust, elles endar du upp med tvo ubevegelege rusthaugar.
Det er ogso viktigt å bruka deim av og til.
|
|
|
1
Handbrake lever
2
Control lever
3
Spacer
4
Adjustmnt screw
5
Contact switch
6
Capscrew
7
Capscrew
8
Plain washer
9
Hexagonal nut
|
|
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX
|
|
|
1
Handbrake cable
2
Handbrake lever
3
Set 4 brake pad (bremseklossar)
4
Hdbrk equalizer
5
Cable ring
6
Hndbrk spindle
7
Hndbrk spindle
8
Pin
9
Return spring
10
Cup
|
|
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX
|
|
11
Eccentric
12
Handbrak spacer
13
Lever stop
14
Cable guide
15
Cable guide
16
Adjust collar
17
Capscrew
18
Washer
19
Plain washer
20
Plain washer
21
Plain washer
|
|
Stramming / justering
Er bremseskivene byrja bli tunne, vil det vera vanskeleg å fengja handbremsene stramme nok.
Skifta i sofall til nye bremseskiver. (Bremseskivene skal vera minimum 18 mm tjukke.)
NB! Bremseskiva må låsast fast med tri hjulboltar. Um du brukar boltar til aluminiumsfelgar: tre innpå 13mm tjukke mutterar.
Til justering av 4x11 kann du bruka eit stort flatt skruejarn eller
ei firkantsyl der tuppen er filt vekk. Eller laga deg spesialverktøy av 4,5mm tjukt metall:
|
|
Teikningane er lånt frå servicemanualen til Citroën CX
- Jekk upp fronten på bilen, setja honom på bukkar, taka av framhjulene og setja gearspaken i fri.
- Handbremsene må vera av.
- Skru av låsemuttaren og justeringsmuttaren på vaieren på båe sider (tvo stk 11mm fastnyklar + liten
skiftenykkjel
el.l. til å halda fast enden på vaieren).
- Løys 4x17 (17mm).
- Juster 4x11 (med klokka sett bakfrå) og
stramm 4x17, fyrst på utsida, deretter på innsida . (4x11 skal strammast/vridast akkurat
so mykje at du lett klarar å vrida rundt
bremseskiva med hendene med litt motstand. Pass på å ikkje taka innpå bremseskiva, hald mot kantane.)
- Drag ut vaieren fyrst på den eine sida og so på den andre. Mål differansen og skru
på att justeringsmuttaren og låsemuttaren på båe sider. (Var enden som stakk ut på vinstre
sida 5 mm lenger enn den på høgre sida, skal det no fortsatt stikka ut 5 mm meir vaier på vinstre sida.)
- Kontroller at du kann vrida bremseskivene rundt med hendene, og at dei (bremseskivene;) er heilt reine.
På lettmetallfelgar kann det skje at enden på vaieren skrapar burti felgen. I sofall kann
du prøva å korta inn den vetle stillskruen
litt (tvo stk 8mm fastnyklar) og justera på nytt. Gjeng ikkje det heller, kann du draga utor vaieren
og tre på nokre stoppskiver, eller ein muttar el.l.
|
|
|
Dersom du ikkje får av låsemuttaren og justeringsmuttaren, må du skifta vaierane.
Stramm 4x17 7.5 mdaN (75 Nm).
Stramm låsemuttaren 1.5 mdaN (15 Nm).
Ha grease på vaieren og trekk ein plaststrympe innpå slik at han blir liggjande under bøylen.
|
|
|
Skifting av handbremsevaier
|
|
Du må skifta handbremsevaierane um dei strekkjer seg, ryk av eller du ikkje får av låsemuttaren og justeringsmuttaren.
Inni bilen tek du av dekselet til høgre for gasspedalen.
Demonter vaierane og fest ein leidning i enden av kvar vaier, og bruk leidningane til å draga inn dei nye vaierane.
|
|
|
Den kortaste vaieren skal vera på vinstre sida.
|
|
Problem
Varsellampen for påsett handbremse lyser når han ikkje skal.
|
|
|
Dette skuldast vanlegvis at brytaren (5) ikkje blir klemt langt nok ned. Klypp til og set på ein filtbit
(berekna på å setjast under stolføter).
|
|
|
|
|
Um vinteren bør du unngå å hava på handbremsene yver lenger tid, i tilfelle dei skulde frysa fast.
Parker flatt (på tvert i bakke), og hav bilen i revers eller i fyrste gear.
Slepp deretter bremsepedalen, og vent til bilen hev roa seg (vil kanskje trilla litt framyver eller bakyver)
fyrr du sler av motoren og slepper upp clutchen.
Dersom du ikkje kann parkera på tvert i ein bakke, må du vrida framhjulene inn mot kanten:
Legg rattet heilt yver, og hald det der medan du sler av motoren og tek ut nykkelen.
Lat so rattet glida forsiktigt attende til rattlåsen sler inn.
Når du set på tenningen att, er det viktigt å vrida/lirka litt på rattet slik at du ikkje bryt av nykkelen.
|
|
|
Lat bilen standa i fyrste gear i nedyverbakke, og i revers i uppyverbakke.
|
|
© www.leirdal.info
|