|
Break, som er berekna på tyngre last, hev ventilerte bremseskiver bak.
|
|
Bakbremsene er ikkje alltid so mykje i bruk, og hev lett for å "gro fast".
Dei må difor kontrollerast med jamne millomrom.
Og tak gjerne nokre kraftige nedbremsingar når du hev tungt lass.
Bremseklossane må hava tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.
Bremseskivene må vera blanke på båe sidur, og tilstrekkeleg tjukke.
|
|
|
Bremsebelegg
Min. 3 mm
bremseskive break
Min. 16 mm
|
|
|
1 Brake caliper
2 Brake disc
3 Set 4 brake pad (bremseklossar)
4 Caliper piston
5 Piston seal
6 Piston seal
7 Caliper seal
8 Shoe spring
9 Guard sheet met
10 Disc protector
11 Pin
12 Pin
|
|
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX
|
|
|
13 Drain screw (luftenippel)
14 Bleed screw cap (hette for luftenippel)
15 Capscrew
16 Caliper screw
17 Retaining pin
18 Capscrew
19 Capscrew
20 Piston washer
21 Plain washer
22 Spring washer
23 Fixing washer
24 Nut
25 Nut
|
|
|
Skifting av bremseklossar
|
|
- På caliperen er det eit deksel (10) festa med ein lang bolt (18).
Løys bolten litt og pirk laus dekselet med eit flatt skruejarn.
- Skru av muttaren og drag bolten ut medan du klemmer bøylen (9) litt inn.
- Tak ut bremseklossane.
- Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
- Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar (for å verna bremseskiva).
Bruk eit stort skruejarn el.l. og press båe stempeli heilt inn.
Tak ut kryssfinerplatene.
- Set i nye bremseklossar (pass på at bremsebelegget vender mot bremseskiva). Klossane må kunna bevega seg fritt.
- Legg bøylen på plass og set i bolten (hav litt koparpasta på båe). Skru muttaren litt på.
- Set på dekselet og stramm til.
- Køyr inn bremseklossane.
|
|
Caliper med avteke deksel.
|
|
|
|
- Skru av hydraulikkrøyri.
- Tak ut bremseklossane.
- Skru ut dei tvo boltane som held caliperen på plass.
- Tak av caliperen (pass på å ikkje fenga hydraulikkvæske på bremseskiva).
- Reingjer den nye caliperen og press inn båe stempeli.
- Bruk ei trikantfil og fil upp området der bremseklossane skal bevega seg (um du set på ein brukt caliper).
- Skru på caliperen (pass på at O-ringen er heil og at det er reint på båe flater).
Stramm 7 mdaN (70 Nm).
- Skru på hydraulikkrøyri.
- Monter bremseklossane.
- Luft bremsene (med bilen i yvste stillingen).
|
|
Pressa inn stempel på denne måten.
|
|
Fram- og bakbremsene er uavhengige.
Bakbremsene er lastavhengige. Til tyngre lass du hev, til kraftigare bremsevirkning
vil du fenga.
|
|
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX
|
|
|
|
Fyrr.
Etter.
|
|
|
Reparasjon av bremseskjold
Bremseskjoldi kann vera nokso gjennomrusta, so det er best å fenga ordna deim jo fyrr
jo heller.
Du tek deim av ved å skru ut tri småe boltar.
Dersom desse er fastrusta, er det fort gjort å vri deim av. I sofall borar du upp nytt hol
og lagar nye gjenger.
Skrap vekk all laus rust med eit gamallt hoggejarn og puss med stålbørste.
Hav på rustbehandling, og deretter grunning el.l. Dersom der er hol, klistrar
du fast aluminiumslimband på båe sidur av desse. Og so tvo lag med svart lakk, og evt. eit lag
understellsbehandling.
Når du monterer må du passa på at den yvste og nedste
skruen (19) vender mot deg
(at du ikkje set deim i frå baksida). Og at bremseskjoldet er snudd rett veg (um du tenkjer deg
skjoldet som ei skål, so skal yversida venda mot deg). Ha koparpasta på gjengene til skruane fyrr
du set deim i.
|
|
Nye gjenger.
Pass på at bremserøyri ikkje tek burti bremseskjoldet.
|
|
|
|
Bremserøyr for break, vinstre side.
|
|
|
Pakningar for hydraulikkrøyr.
|
|
© www.leirdal.info
|