Attende
Bremser
Bak berline
Riksmål English


• Berline har vanlege bremseskiver bak.


Bakbremsene er ikkje alltid so mykje i bruk, og hev lett for å "gro fast". Dei må difor kontrollerast med jamne millomrom. Og tak gjerne nokre kraftige nedbremsingar når du hev tungt lass.

Bremseklossane må hava tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.

Bremseskivene må vera blanke på båe sidur, og tilstrekkeleg tjukke.                                                        


Bremsebelegg
Min. 3 mm

bremseskive berline
Min. 5 mm                                      


1 Brake caliper
2 Brake disc
3 Set 4 brake pad (bremseklossar)
4 Caliper piston
5 Piston seal
6 Piston seal
7 Caliper seal
8 Centring pin
9 Shoe spring
10 Guard sheet met
11 Disc protector
12 Pin
13 Pin

Bakbrems

Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX


14 Drain screw (luftenippel)
15 Bleed screw cap (hette for luftenippel)
16 Capscrew
17 Caliper screw
18 Retaining pin
19 Capscrew
20 Capscrew
21 Piston washer
22 Plain washer
23 Spring washer
24 Fixing washer
25 Nut
26 Nut


Skifting av bremseklossar


  • På caliperen er det eit deksel (10) festa med ein lang bolt (18). Løys bolten litt og pirk laus dekselet med eit flatt skruejarn.
  • Skru av muttaren og drag bolten ut medan du klemmer bøylen (9) litt inn.
  • Tak ut bremseklossane.
  • Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
  • Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar (for å verna bremseskiva). Bruk eit stort skruejarn el.l. og press båe stempeli heilt inn. Tak ut kryssfinerplatene.
  • Set i nye bremseklossar (pass på at bremsebelegget vender mot bremseskiva). Klossane må kunna bevega seg fritt.
  • Legg bøylen på plass og set i bolten (hava litt koparpasta på båe). Skru muttaren litt på.
  • Set på dekselet og stramm til.
  • Køyr inn bremseklossane.

Bakbrems Caliper med avteke deksel.


Skifting av caliper                                                


  • Skru av hydraulikkrøyri.
  • Tak ut bremseklossane.
  • Skru ut dei tvo boltane som held caliperen på plass.
  • Tak av caliperen (pass på å ikkje få hydraulikkvæske på bremseskiva).
  • Reingjer den nye caliperen og press inn båe stempeli.
  • Bruk ei trikantfil og fil upp området der bremseklossane skal bevega seg (um du set på ein brukt caliper).
  • Skru på caliperen. Stramm 4.5 mdaN (45 Nm).
  • Skru på hydraulikkrøyri.
  • Monter bremseklossane.
  • Luft bremsene (med bilen i yverste stilling).


• Fram- og bakbremsene er uavhengige.

• Bakbremsene er lastavhengige. Til tyngre lass du hev, til kraftigare bremsevirkning vil du fenga.

Skjema
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX


Deksel Fyrr.

Deksel Etter.


Reparasjon av bremseskjold

Bremseskjoldi kann vera nokso gjennomrusta, so det er best å få ordna deim jo fyrr jo heller. Du tek deim av ved å skru ut tri småe boltar. Dersom desse er fastrusta, er det fort gjort å vri deim av. I sofall borar du upp nytt hol og lagar nye gjenger.

Skrap vekk all laus rust med eit gamalt hoggjarn og puss med stålbørste. Hav på rustbehandling, og deretter grunning el.l. Dersom der er hol, klistrar du fast aluminiumslimband på båe sider av desse. Og so tvo lag med svart lakk, og evt. eit lag understellsbehandling.

Når du monterer må du passa på at den yverste og nederste skruen (19) vender mot deg (at du ikkje set deim i frå baksida). Og at bremseskjoldet er snudd rett veg (um du tenkjer deg skjoldet som ei skål, so skal yversida venda mot deg). Ha koparpasta på gjengene til skruane fyrr du set deim i.


Gjenging Nye gjenger.

Bremserøyr Pass på at bremserøyri ikkje tek burti bremseskjoldet.




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional