Attende
Bremser
Framme
Riksmål English

Kaliper

Frambremsene er det viktigaste du hev på bilen. Dei må alltid vera i topp stand, og kontrollerast ofte. Det er ikkje nok å lita på at varsellampen for nedslite bremsebelegg fungerer (og vanlegvis er leidningane på bremseklossane kutta av).

pil Bremseklossane (3) må hava tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.
pil Bremseskivene (2) må vera blanke på båe sidur, og tilstrekkeleg tjukke.
pil Alle fire bremsestempeli (6) på kvar kaliper må kunna bevega seg fritt.
pil Bremseakkumulatoren må vera i orden.


Bremsebelegg
Min. 3 mm

Bremseskive
Min. 18 mm

Bremseskivene MÅ skiftast um dei er tunnare enn 18 mm!!!


1 Half-caliper
2 Brake disc
3 Set 4 brake pad (bremseklossar)
4 Brak pad spring
5 Retaining pin
6 Caliper piston
7 Piston seal (støvring)
8 Piston seal (bremsepakning)
9 Caliper seal
10 Drain screw (luftenippel)


Frambrems
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX

11 Bleed screw cap (hette for luftenippel)
12 Brake air defct
13 Caliper screw
14 Disc fix screw
15 Capscrew
16 Capscrew
17 Spring washer
18 Spring washer
19 Wear harness


• Fram- og bakbremsene er uavhengige.

• Bremseakkumulatoren gjev reservetrykk til frambremsene, i tillegg til å gjeva trykk til resten av systemet.

• Bremseakkumulatoren finn du nedanfyr batteriet.

Skjema
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX


Um det hydrauliske trykket skulde bli vekke under køyring, vil du fyrst merka at bilen blir veldig tung på rattet. Du vil fortsatt klara å styra, men du må taka i. Fjøringen vil forsvinna, og bakbremsene vil slutta å virka. Men frambremsene vil enno fungera ei liti stund, sofram bremseakkumulatoren er i orden.
Og skulde alt svikta, kann du ty til naudbremsene (handbremsene).


Skifting av bremseklossar


Bøyle

Ledningar Leidningane skal inn i ein kort plaststrympe og under bøylen slik som vist her.


Demontering

  • Reingjer godt.
  • Kopl frå leidningane som stikk ut or bremseklossane (um dei er der).
  • Tak ut låsepinnen (5) (klemm inn 4).
  • Tak vekk bøylen (4).
  • Tak ut dei gamle bremseklossane (2x3).

Montering

  • Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
  • Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar (for å verna bremseskiva). Bruk eit stort skruejarn el.l. og press alle stempeli heilt inn. Tak ut kryssfinerplatene.
  • Set i dei nye bremseklossane (pass på at bremsebelegget vender mot bremseskiva).
  • Smyr på eit tunt lag koparpasta (eller kanskje helst alu-pasta) på bøylen (4) og legg honom på plass. NB! IKKJE feng pasta på bremseskiva eller bremseklossane!!! Er bøylen vorten skrøpeleg må du skifta til ny.
  • Stikk inn låsepinnen (5) og pass på at bøylen gjeng i lås i båe spori på låsepinnen.
  • Kopl til leidningane og sikra deim.
  • Køyr inn bremseklossane.


• Når du skal taka ut dei gamle bremseklossane, kann det henda at dei sit fast. Prøv å slå deim forsiktigt uppyver og nedyver med ein hammar medan du bender deim ut. Bruk deretter ei trikantfil el.l. og fil upp sporet der bremseklossane skal bevega seg. Det er svært viktug at dei nye klossane glir lett på plass og kann bevega seg fritt.

• Du kann ha på litt koparpasta på baksida av bremseklossane (sida som vender mot bremsestempeli), men pass for all del på at det ikkje kjem noko på bremsebelegget eller bremseskivene!!!


Skifting av bremseklossar
(den grundige måten)


Kryssfiner i caliper

Kryssfinerplater i caliperen.


  • Tak ut dei gamle bremseklossane.
  • Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar.
  • Start bilen og trakk hardt på bremsepedalen. Slå av motoren.
  • Tak av halvcaliperen og bremseskiva og fjern kryssfinerplatene.
  • Reingjer og smyr alle fire stempeli med litt LHM, turk av deim med eit papir og press deim inn att (VERNEBRILLER!).
  • Monter bremseskiva (må reingjerast godt!), halvcaliperen og nye bremseklossar. (Pass på at klossane til handbremsi er på plass.)
  • Luft bremsene.
  • Køyr inn bremseklossane.

Halvkaliper Halvcaliper, innsida.

• Um det er vanskeleg å fenga inn att stempeli, kann du på halvcaliperen bruka ei stor tong, og på hovudcaliperen banka forsiktigt med ein hammar. Hugs å leggja ei treplate mot stempeli fyrst.


Kontroll av varsel for utslite bremsebelegg


  • Slå på tenningen.
  • Leidningane som bremseklossane er kopla til: kortslutt ein og ein leidning til jord (bremseskiva).

(Altso: Leidningane som gjeng upp i motorrommet, ikkje leidningane som kjem ut or bremseklossane!)


Skifting av bremseskive

Caliper Med avteki bremseskive.


Demontering

  • Reingjer godt.
  • Tak ut låsepinnen (5) (klemm inn 4) og 4.
  • Tak ut bremseklossane (2x3).
  • Løys dei tvo skruane til handbremsi og juster utyver so langt som det gjeng.
  • Skru ut 4x13.
  • Legg ned halvcaliperen (1).
  • Tak utor bremseklossen til handbremsi.
  • Skru ut 2x14 (dersom dei ikkje er vekke).
  • Lirk av bremseskiva (2).
  • Tak utor den andre bremseklossen til handbremsi.
  • Reingjer og smyr alle fire stempeli med litt LHM, turk av deim med eit papir og press dei (6) heilt inn (VERNEBRILLER!).

Montering

  • Monter i umvendt rekkefylgje.
  • Set i nye bremseklossar (ogso på handbremsene om naudsynt).
  • Reingjer området der halvcaliperen skal på att og pass på at dei tvo gummipakningane er på plass (desse bør helst skiftast til nye).
  • Dersom 2x14 er vekke (knekt av) må du skru fast bremseskiva med tri hjulboltar (slik at ho sit stødigt på plass) når du skal justera handbremsi.
  • Luft bremsene.


• 2x14 kann vera vanskeleg å fenga ut. Vanlegvis fær du løyst deim litt, men so er det stopp. Skru deim då heilt inn og ut att mange gonger; dei kjem litt lenger ut for kvar gong, og til slutt losnar deim.
Reingjer gjengene og hav på litt koparpasta fyrr du set deim i att.

• Um du ikkje fær laus bremseskiva, kann du gjera fylgjande:
Reingjer godt, set på att halvcaliperen og monter bremseklossane. Luft bremsene. Start og set bilen i fyrste gear slik at bremseskiva byrjar rotera. Brems hardt. No vil forhåpentlegvis skiva losna.


Å løysa eit stempel som sit fast


  • Tak ut bremseklossane.
  • Skru av halvcaliperen.
  • Tak av bremseskiva.
  • Teikn av stempelet sin plassering på eit matpapir el.l.
  • Sag eit hol (litt større enn stempeldiameteren) i ei tjukk treplate.
  • Monter plata saman med ei tunn kryssfinerplate. Plata du hev laga no bør vera so tjukk at ho so vidt smett inn i caliperen.
  • Set plata inn i caliperen slik at holet kjem rett yverfor stempelet.
  • Skru på halvcaliperen att og luft bremsene.
  • Med motoren i gang, trakk bremsepedalen hardt inn. Stempelet sprett no forhåpentlegvis ut.
  • Tak av halvcaliperen og fjern plata.
  • Reingjer og tak ut støvringen og bremseringen. Etter du hev fenge spori til desse gullande reine, monterer du i nye.
  • Reingjer og smyr stempelet med litt LHM, turk av det med eit papir og set det i att.
  • Monter bremseskiva (må reingjerast godt!), halvcaliperen og bremseklossane.
  • Luft bremsene.


Trebremseskive
Vil du gjera ekstra bra jobb, kann du laga ei "bremseskive" av tre. Lag tvo djupe hol til stempeli på eine sida som vist på teikningen. Dermed er det berre å setja inn skiva slik at du hev eit hol yverfor stempelet som sit fast.


Skifting av bremserøyr på caliper

Varseltrekant Varseltrekant  




• Den nye bremserøyri du monterer må behandlast slik at ho vil vara i mange år. Du kann til dømes hava på eit strøk med Owatrol og tvo – tri lag med lakk som toler sterk varme. Deretter polering og lakkforsegling.
Hugs ogso å gjera det same med bremserøyri på den andre sida.


Bremserøyr

Demontering

  • Reingjer godt.
  • Tak ut skruane D og E.
  • Skru ut F.
  • Skru av C.
  • Skru av B dersom det ikkje er festebrakett på den nye røyri.

Montering

  • Skru bremserøyri fast til C (hugs koparstoppskive). NB! Pass på at den fleksible bremserøyri C er festa til ikkje blir vridd!!! (Kann vera vanskeleg å fenga til.) Ho må hanga i ein fin boge etter at bremserøyri er montert.
  • Skru fast F (pass på at det er koparstoppskiver på båe sidur).
  • Skru fast D og E (hav litt koparpasta på gjengene).
  • Luft bremsene.


Bremserøyr

C kann sitja noko forferdeleg fast. (Det kann vera lurt å festa A i ei skrustikke.) Ver forsiktig so du ikkje skadar den nye bremserøyri, dersom du hentar henne frå delebil.

• Set helst på nye koparstoppskiver. Um du brukar dei gamle, må dei glødast fyrr montering. (Varm deim upp til dei blir kvitglødande, og legg deim deretter i kaldt vatn.)




Opp

© www.leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional Valid CSS!