Nye bremseklossar
Når du hev montert nye bremseklossar må dei køyrast inn:
Tak 5 8 nedbremsingar frå 80 til 20. Dei fyrste litt forsiktig, og deretter meir og meir brutalt. NB! Pass på at du ikkje hev bilar bakum deg!
Ikkje stopp heilt, og fortset å køyra ei stund etter du er ferdig, slik at bremsene fær kjølna.
Viktug: Dersom du hev føreteke ein kraftig nedbremsing og stoppa heilt, må du ikkje fortsetja å halda bremsepedalen inne;
det vil skada bremseskivene. Set i staden på handbremsene.
Det er ogso ei føremun um bilen fær trilla litt, slik at dei heite bremseklossane ikkje blir liggjande mot bremseskivene på same plassen.